Stord kommune

Stord kommune

Skolesekken

Burt Nilsson sin store sjanse

 Kåre Thomsen 

Fylkeskonsertane 2010 vår
Med: Ivar Kolve,Tore Christian Sævold, Ståle Fylkesnes
For: 1. - 4. årstrinn

Burt Nilsson er glad i å spele trommer saman med bestekompisen Evert. Dei vil melda seg på den store talentkonkurransen, der dei kan vinne fyrstepremien på 25000.- kroner som dei vil bruke til å redde musikkrommet på SFO. Burt har store ambisjonar, og venskapet deira vert sett på prøve når Burt vert litt for ivrig etter å verta kjendis.

Om produksjonen

Me møter i denne forestillinga Burt og Evert i deira ferd mot målet: talenttevlinga. I  tillegg møter me alle dei andre deltakarane, m.a. poetar, sjonglørar, dansarar, tungrockarar, smørsangarar, jodlarar etc.

Eit teikn i vår tid, er fokuset på verta kjendis/ å bli sett. 

Denne trongen er så sterkt blant enkelte menneske at  vaksne og dermed også  barn er viljuge til å gjere nærmast kva som helst framfor kamera/ publikum  for å oppnå å bli sett... Samstundes vert respekt for enkeltindividet og fokuset på mellommenneskelege/ sosiale  kvalitetar nærast usynleggjort. 

Målet med denne forestillinga/konserten er å å fokusere, med  humoristisk skråblikk, på det som har vorte ei vanleg underhaldningsform i dagens TV-verden, nemleg realityunderhaldning....her i form av musikalske og verbale gjøglerier, i ein audition-situasjon. 

3 elevar er plassert  ved eit jurybord og er på førehand informert om å innta ei kritisk/positiv haldning til dei ulike artistane/ talenta som prøver seg.

Dommarane  får  utdelt klisjéaktige kommentarar og vurderingar på førehand.

Praktisk informasjon

  • Arena/rom: Gymsal
  • Speletid: ca 40 min
  • Opprigg: 45 min.
  • Nedrigg: 30
  • Maks publikum: 150
  • Bærehjelp: ja
  • Scene: nei
  • Blending: nei

 

Vi ber om at 3 - 4 elevar møter musikarane når dei kjem til skulen for å bære utstyr - og at dei hjelper til etter endt konsert

Om Ivar Kolve,Tore Christian Sævold, Ståle Fylkesnes

 

Ivar Kolve er frå Voss, men har vore busett i Bergen sidan 1988. Han er utdanna frå Bergen musikkonservatorium og har m.a. studert hjå Dave Samuels i USA. Har sidan 1991 arbeidd som frilansmusikar og komponist med mange ulike oppdragsgjevarar.

Som komponist har han m.a. skrive for ulike jazzband, Vossajazz, BIT 20-ensemblet, Den nationale scene, Nordlysfestivalen, og har samarbeidd med biletkunstnar Ulf Nilsen og tekstilkunstnar Anne Lise Tollefsen.

Som utøvar har han spelt ved dei fleste av landets jazzfestivalar som t.d. Vossajazz, Moldejazz, Kongsbergjazz, Maijazz, Nattjazz, Oslo jazzfestival, samt turnert for Rikskonsertane sidan 1990. I tillegg bør ein nevna Ylvis, Kvinner på randen, Bergen filharmoniske ork.,Nye Carte Blanche, Den nationale scene, BIT 20-ensemble,folkemusikkprosjekter,Festspillene i Bergen og i nordnorge, samt eit utal tv,radio og studiojobbar.Ivar Kolve mottok Vossajazzprisen i 2000.

 

Skodespelar, trommis, høgt  og lågt. Tore Christian Sævold er kjend både frå musikkverda, TV og teater

Tore Christian gjekk ut frå Bergen Teaterskole i 1995, og har sidan vore knytt til mellom anna Riksteatret, Bergen Komedia Teater og Den nationale Scene i Bergen.  På TV er han mellom anna kjend frå serien Cirka Lykkelig på TV2, som trommeslager i dansebandet Topaz i Trond Viggos TVT på NRK og i Frittgående Hope på TV2.

Tore Christian har vore engasjert ved Den Nationale Scene i Bergen fleire ganger. Han har mellom anna spelt i stykkjer som A clockwork orange  og I blanke messingen

Tore Christian Sævold har spelt mykje teater for born og unge mellom anna i Ronja Røverdatter og Pippi Langstrømp av Astrid Lindgren, og i  Askeladden og de gode hjelpernne av Marianne Meløy, samt Dyrene i Hakkebakkeskogen  av Torbjørn Egner. For tida er Tore busett i Stockholm og jobber no som frilans skodespelar og musikar.

Dokument