Heildagskurs i digital videoverkstad 2008
For lærarar i ungdomsskulen - enno ledige plassar
Invitasjon til heildagskurs i digital videoverkstad
Stad: Bergen kunstmuseum i Stenersen, Rasmus Meyers allé i Bergen, veke 4 2008.
Målgruppe: Ungdomsskulelærarar i Hordaland, inkl. Bergen.
Dato: Kursdagar for lærarar primært frå dei ulike kursregionane vert haldne:
Måndag 21. januar – deltakarar frå Sunnhordland kursregion (med atthald)
Tysdag 22. januar – deltakarar frå Midthordland kursregion
Onsdag 23. januar – deltakarar frå Voss/Hardanger kursregion
Torsdag 24. januar – deltakarar frå Ytre Midthordland kursregion
Fredag 25. januar – deltakarar frå Nordhordland kursregion (påmeldte denne dagen vert truleg flytta til onsdag og torsdag)
Pris: Kurset er gratis, men det er ikkje rekna inn lunsj og ev. overnatting for deltakarane.
Omtale:
Målet med kurset er at lærarar i Hordaland skal få innblikk i videoproduksjon og korleis nytta innsikt i videoproduksjon i undervisninga på ungdomstrinnet.
Dette er eit kurs i videoproduksjon frå A til Å: Lærarane får sjølve laga dreiebok, læra om videofilming, redigering og å leggja på lyd.
I tillegg til introduksjonen til den tekniske sida av videoproduksjon, kjem verkstaden til å fokusere på forteljarteknikkar, filmatiske verkemiddel og biletanalyse.
Kursdeltakarane får utlevert lærarorientering som ein del av kursa. Desse er praktisk orienterte og gjev gode undervisningsreiskap for lærarane.
Kursinnhaldet kan setjast i samanheng med DKS turnéen ”videoverkstad på hjul”, og lærarar frå kommunane som får prosjektet har prioritert plass på kurset. Turneen vert lagt til veke 6, 7, 9 og 10. Bergen Kunstmuseum har lang erfaring i å arrangera lærarkurs i samband med videoverkstad. Plan for kurset vert sendt dei påmelde på førehand.
Kurshaldar er Bendik Johnsen.
Maks 30 deltakarar kvar kursdag.
Eventuelle spørsmål kan du stille til DKS v/Arnulf Henriksen, tlf 55239981.
Påmelding til DKS Hordaland: Arnulf.Henriksen@post.hfk.no eller dks@post.hfk.no
Arrangørar: Hordaland fylkesbibliotek, Den kulturelle skolesekken, Kursregionane
og Fylkesmannen i Hordaland, med støtte frå Gi rom for lesing.
03.01.2008
Aktuelt
1. desember er siste frist for innspel/ søknad!
Les meir · 07.09.2010
Utlysning av DKS-midlar til scenekunst og film
Les meir · 10.08.2010
Forsinka planlegging grunna streik
Les meir · 16.06.2010
Fordeling av spelemidlar 2010/2011
Les meir · 11.06.2010
Barnehage og skule som kunst- og kulturarena
Les meir · 21.05.2010

