Pressevisning - Lansering av Den kulturelle skolesekken i vidaregåande skular
Lanseringa finn stad i Fylkeshuset, Agnes Mowinckeels gate 5, Bergen, fredag 26. okt. kl. 13.30
Pressevisning i samband med lansering av "Den kulturelle skolesekken" (DKS) i vidaregåande skular i Hordaland.
Vil du oppleva ein smakebit av forfattar og musikar Pedro Carmona-Alvarez si nye framsyning for elevar i vidaregåande skule: ”Om å si sannheten når alle tror du ljuger som en galning”? Framsyninga har premiere denne veka på Bergen Katedralskole og Langhaugen vidaregåande skole. Dette DKS tilbodet får følgje av eit omfattande kortfilmprosjekt i januar: Cannes-vinnaren ”Sniffer”, av Bobbie Peers, er på vei inn i den vidaregåande skulen. Sniffer får følgje av fem andre kortfilmar og filmskaparane deira.
Hordaland fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga i samarbeid med Opplæringsavdelinga,
har gleda av å invitere til lansering av pilotprosjekt med innføring av Den kulturelle skolesekken (DKS) i utvalde vidaregåande skular i Hordaland.
Lanseringa finn stad fredag 26. oktober kl. 13.30 i Fylkeshuset, Agnes Mowinckelsgate 5, Bergen, kantina i 4. etasje.
Fylkeskultursjef Ingebjørg E. Astrup og nestleiar for opplæringsavdelinga Inger Øvsthus Tønder, opnar lanseringa.
Leiar for Den kulturelle skolesekken i Hordaland, Marit Brendbekken, presenterer pilotprosjektet saman med mellom andre Pedro Carmona-Alvarez, Irmelin Nordahl, Elin Sander og Trude Refsahl.
Pedro Carmona-Alvarez stiller med orkester og guidar oss gjennom smakebitar frå ei musikk/lyrikk/ videoframsyning der desse kunstformene til saman utgjer ein heilskap med reise som tema. Pedro er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Bergen og debuterte i 1997 med diktsamlinga ”Helter.” Han har fått fleire litterære prisar, mellom anna Sult-prisen i 2006 og BT-prisen i 2007.Vidare er han frontfigur i bandet Sister Sonny.
Irmelin Nordahl, leiar av Vestnorsk Filmsenter, presenterer DKS filmsatsinga og syner eit utval av kortfilmar. Filmane som inngår i prosjektet er: ”Audition” av Marius Soma, ”Digre daier” av Gunnar Vikene, ”Metamorfose” av Geir Hansteen Jørgensen, ”Naïn” av Terese Jacobsen, ”Siste hus” av Pål Øie og ”Sniffer” av Bobbie Peers. Blant dei aktuelle filmskaparane frå Hordaland finn ein både røynde produsentar og nye talent.
Prosjekta er baserte på partnarskap mellom Den kulturelle skolesekken og dei medverkande institusjonane og aktørane. Dette er nyproduksjonar med føremål DKS pilotprosjekt i vidaregåande skule.
For meir info om satsinga på Den kulturelle skolesekken i vidaregåande skole, sjå: http://www.dks-hordaland.no/aktuelt/artikkel.asp?ArtikkelID=65 (Link til pressemeldingen til KKD.) For info om verksemda til Den kulturelle skolesekken i Hordaland, sjå: http://www.dks-hordaland.no/ og DKS sentralt: http://www.denkulturelleskolesekken.no/
Kontaktperson: Leiar DKS Marit Brendbekken – tlf. 55 23 99 76, mob. 920 95 913
24.10.2007
Aktuelt
1. desember er siste frist for innspel/ søknad!
Les meir · 07.09.2010
Utlysning av DKS-midlar til scenekunst og film
Les meir · 10.08.2010
Forsinka planlegging grunna streik
Les meir · 16.06.2010
Fordeling av spelemidlar 2010/2011
Les meir · 11.06.2010
Barnehage og skule som kunst- og kulturarena
Les meir · 21.05.2010

