Aktuelt

Invitasjon til heildagskurs i drama/teater for lærarar

I samband med kompetanseplan på formidling/norskfaget: "Frå idé til framsyning, korleis uvikle teater utan ferdigskrive manus? Korleis dra nytte av arbeid med drama i norsk og andre fag?"

Hordaland fylkeskommune, Den kulturelle skolesekken og Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga samarbeider med kursregionane om tilrettelegging av regionale kurs for lærarar for skuleåret 2008/2009. Kursa er utvikla og lagt til rette for å vere tilpassa lærarplanverket - Kunnskapsløftet.

"Frå idé til framsyning, korleis uvikle teater utan ferdigskrive manus? Korleis dra nytte av arbeid med drama i norsk og andre fag?"

Med: Kurshaldarar frå Vestlandske Teatersenter.
Målgruppa for kurset er lærarar i 1. til 7. klasse.
Heildagskurs, 6 timar.
Deltakarar: Maksimum 30 deltakarar pr. kursdag.

Kort omtale:
- Kurset set fokus på det å skape teater med utgangspunkt i ein idé, kort tekst eller eventyr, men utan manus.
- Kurshaldarane vil syne til forteljarteknikkar som kan bidra til å utvikle forteljarevna og skriveevna.
- Om å nytte drama i norskundervisninga og som element i lesestimulering.
- Kurset omhandlar òg korleis ein kan integrere teaterarbeid med andre fag i skulen.

Største delen av kurset er lagt opp med praktisk arbeid og øvingar for deltakarane. Deltakarane arbeider i løpet av dagen med korleis ein kan lage ei lita framsyning, med utgangspunkt i ulike startpunkt/idear. Med inspirasjon frå kursleiarane arbeider deltakarane i grupper med korleis idear kan setjast saman, og på kva vis ein kan integrere dette i ulike fag på skulen.

Deltakarane får utdelt lærarorientering som del av kurset. Materiellet er praktisk orientert og gjev gode undervisningsreiskap for lærarane.

Hugs ledige klede kursdagen!

Kursdagar for lærarar frå dei ulike kursregionane vert haldne:

  • Måndag 23. mars: Midthordland kompetanseregion
  • Tysdag 24. mars: Forum for oppvekst i Sunnhordland
  • Torsdag 26. mars: Nordhordland kursregion
  • Fredag 27. mars: Ytre Midthordland kursregion
  • Tysdag 31. mars: Voss/Hardanger kursregion

For opplysningar om tid/stad og påmelding, sjå invitasjon til den einskilde kursregionen:

Kursregionssekretærane i Hordaland vil gje informasjon om eventuell kursavgift. Utgifter til kurshaldarar vert finansiert gjennom samarbeidet mellom Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga og Hordaland fylkeskommune, Den kulturelle skolesekken.

Kommunane som skuleeigarar er bedne om å dekkje reise, diett og opphald for kursdeltakarane. Me ser på desse kursa som ein del av Kunnskapsløftet og implementering av nye læreplanar, og kursa kan difor gå inn som ein del av kommunale strategiplanar for kompetanseutvikling.

Kontaktperson Hordaland fylkeskommune, Den kulturelle skolesekken:
Arnulf Henriksen
E-post: Arnulf.Henriksen@post.hfk.no eller dks@post.hfk.no
Tlf: 55 23 99 81

04.02.2009

Aktuelt

1. desember er siste frist for innspel/ søknad!
Les meir · 07.09.2010

Utlysning av DKS-midlar til scenekunst og film
Les meir · 10.08.2010

Forsinka planlegging grunna streik
Les meir · 16.06.2010

Fordeling av spelemidlar 2010/2011
Les meir · 11.06.2010

Barnehage og skule som kunst- og kulturarena
Les meir · 21.05.2010

Aktuelt